Over Tones

Åsen Valland Nordli - overtones

Over Tones, ECM 2014

28 Mars kjem Åsne Valland Nordli og Benedicte Maurseth med den nye cden Over Tones på ECM Records.

Gjennom denne plata  ynskjer me som folkemusikarar å strekka grenser og samstundes lena oss mot det gamle.
Fordjuping i folkemusikktradisjonen vår er noko som me stadig dyrkar. Samstundes lar me oss inspirera av andre uttrykk som  samtidsmusikk, jazz, fri improvisasjonmusikk. Dette tek me med oss inn i vår hovuduttryksform, folkemusikken.
Plata består av norsk tradisjonell slåttemusikk og kveding og religiøse folketonar. Halvparten av musikken er nyskrive av oss sjølve.For oss som utøvarar er det viktig å få formidla at me er utøvarar som lener oss på tradisjonen samstundes som me er opne for nye impulsar og uttrykk-slik folkemusikarar alltid har gjordt det opp gjennom historia.